Viser innlegg med etiketten Haust pynt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Haust pynt. Vis alle innlegg

fredag, oktober 10, 2008

Arbeidsfordeling

Image Medan min kjære tok si daglege økt på ergometersykkelen,
så sydde eg ei haustleg pute.
Det kallast arbeidsfordeling i heimen.

mandag, august 18, 2008

Det er ikkje gull alt som blenkjer....

....men kva gjer vel det.
Eg er glad i armband, ringar og smykker,
og her er noko av det eg kjøpte meg i London i helga.
*
ImageArmband med masse dingel dangel.

ImageLangt smykke med glashjarta.

Image Armband i fine fargar.


ImageEin stor ring.....


Image...og to til.
*


To be continued....






mandag, oktober 01, 2007

Gårsdagens pyssel

Image Søndagen vart brukt til å pynte litt utforbi inngangsdøra. Der ute står eit lite bort som eg pyntar litt etter årstida. Nå fekk nokre pyntegraskar og stein pynte der.

Image Nedforbi ligg ein hjarteforma stein. Den fann eg eingong eg gjekk tur med søster mi, til drikkevatnet i heimbygda vår. Den var litt tung, men den skulle eg ha med meg heim:o)

Image Lyngplanter og litt anna pyntar opp i sinkbøtta.
Siden det var, og er fint vèr, så planta eg løkar og nokre buskar i bedet i går. Så får eg håpe at det kjem opp både krokus, tulipanar og påskeliljer til våren.
Om kvelden såg mannen fotball på TV, og det er eg ikkje så veeeeldig interessert i....så då fann eg fram sysakene. Eg har sett så mange flotte Tildaenglar rundt om på forskjellige bloggar, og vart litt inspirert til å sy.
Dette vart ein fjern slektning av den opprinnelege Tilda. Litt meir Country stil over ho her,..
Image Med sjølvteikna mønster sette eg i gang, og slik vart resultatet. Ho har fått namnet etter ei av tantene mine, Mathilde. Kjolen hennar er sydd av ei skjorte som har vore pappa min si, og blusen og mammelukka av ein Fretex bluse. Så dette kan vel kallast ei resirkulert dame....
Det blir ikkje masseproduksjon av desse fra mi side, det er litt for putle for meg. (Eg kom på kvifor eg aldri sydde Barbie dukkeklær til jentene mine medan eg holdt på...)

Image
Det var kjekt å få eit nytt familiemedlem, men det spørs om ho får så mange søsken, men kanskje ein kjæraste....