torsdag 1. februar 2018

Stripeleik igjen

 
 
Image
 
 
Ny pc og laaaang tids bloggtørke. Me har ikkje vorte samde om at LiveWriter var det eg skulle  bruke for å forme innlegga mine på blogger. Og eg er for lat til å sette meg sååå grundig inn i ting at eg vinn. Og for sta til å bruke Blogger. Så då blei det stille. Heilt stille. Lenge.
 
Facebook er sikkert fint, det - til sitt bruk. Instagram likeså. Men blog er blog.
 
No som "Stripeleik" er linka til gjennom Årdal husflidslag, så kan det vere greit å finne fram att tommelinnlegget med foto og forklaring.
 
Og nei, dette er ikkje "Årdalsvotten", - sjølv om han har meir med Årdal å gjere enn visse sokalla edle dråpar har. Denne er i alle fall laga her i bygdi, av ein årdøl.
 
Votten laga eg for å teste eit designprogram, og sjå om eg kunne få publisert eit mønster på Ravelry utan for mykje plunder. Til no er det lasta ned godt 2300 eksemplar gjennom Ravelry, samt nokre hundre gjennom bloggen. Ikkje ille, det.
 
Kven veit, kanskje kan det kome ein årdalsvott etter kvart ...
 

torsdag 8. mai 2014

I veven

Interessene spriker i alle retningar  - og ofte endar det med at eg gjer - - ingenting. Det er så mange ting eg kunne gjere, at eg set meg ned og tenkjer dei ferdige i hovudet, stryk litt på garn og stoff, noterer litt og krotar ned nokre idear, og så blir det med det.

gåsauge3


Men no skjer det altså på vevfronten også.

Me har pakka ned fire golvvevstolar i husflidslaget, fått nyoppussa lokale, og har starta opp att med iallefall den eine veven. Renninga er noko me fann under flyttinga. Me visste korkje kva det var eller kvar det kom frå, men tok sjansen på at det skulle vere sterkt nok, og laga ein filleryerenning av det. Det ser ut som det kan vere Hillesvåg sin 10/4 bomullsrenning. Førebels er det sterkt nok for ryer.


gåsauge


Premien for å sette i stand dette, er å vere fyrstemann ut. Me har hovla for både ringvend og toskaft. Ringvenden går over tre like store parti.

gåsauge oppskrift

Innslaget eg har valt meg, er etter ide frå ein svensk vevblogg. Filler frå sengeklede er ofte lyse og utvaska, og eg ville ha mørkt innslag. Løysinga vart svart Ikea bomullsstoff. Remsene er skorne på 1”.

No har eg veve opp dei fire metrane eg hadde, og det blei akkurat ein meter rye. Heldigvis er nye forsyningar snart på plass.

gåsauge5


Det er altfor tidleg å gje seg med dette.

Dette arbeidet med vev har ført med seg abonnement på Vävmagasinet, saman med fargekart på papirgarn og oppskriftshefte frå Tekstilmakeriet.

Hmm – korleis går det med kjolesaumen no, tru? Og quiltinga?

søndag 4. mai 2014

Vossakofta

Endeleg er eg i gang. Vossakofta er ein av dei tinga eg berre skal lage.

Pinneguri er godt i gang med ein innsvinga variant. Det blir spennande å sjå løysinga hennar.

Eg er av dei som ikkje svingar så mykje inn og ut, så eg held meg til den tradisjonelle rett-opp-og-ned-kofta.


Voss1

 

Eg strikkar i Pickles Pure Wool og Kauni. Litt uti Kauni-nøstet så ser eg at det blir for liten kontrast mellom botn og mønsterfarge, så eg har nøsta vekk den mørkaste lillafargen.
Det ser ut til å stemme fint med fire heile mønsterrapportar rundt bolen.
Dette kan bli bra!