Hopp til innhald

Chelsea FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chelsea FC
Fullt namn Chelsea FC
Kallenamn The Blues
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Stamford Bridge
London
(Kapasitet: 42 449)
Styreleiar USA Bruce Buck
Hovudtrenar Image Graham Potter
Liga Premier League
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Heimedrakt
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Bortedrakt

Chelsea Football Club (stifta 1905) er eit fotballag frå bydelen Chelsea i London i England. klubben spelar i Premier League. «The Blues», som er kallenamnet til Chelsea, spelar heimekampane sine på Stamford Bridge. Heimebana ligg ikkje i bydelen Chelsea, men i nabobydelen Hammersmith og Fulham, som ligg vest i London.

Klubben vart stifta i 1905, og vart vald inn i The Football League det same året. Klubben sin eigar og styreformann er den russiske milliardæren Roman Abramovitsj. Han overtok klubben i 2003. Etter at Abramovitsj overtok, har han gjeve klubben tilgang til romsleg med pengemidlar. Mellom anna har klubben difor kunna kjøpa inn mange gode spelarar. Chelsea vann ligagull i 2004/05 sesongen og i 2005/06 sesongen.

Meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
Trofe Tal År
Ligameister/ Premier League4 1954/55, 2004/05, 2005/06, 2009/2010
FA-cupen71969/1970, 1996/1997, 1999/2000, 2006/2007, 2008/2009, 2009/2010, 2011/2012
Ligacupen51964/1965, 1997/1998, 2004/2005, 2006/2007, 2014/2015
FA Community Shield41955, 2000, 2005, 2009
2. Divisjon 2 1983/1984, 1988/1989.
Full Members Cup21986, 1990.
UEFA Champions League 1 2011/2012
Cupvinnercupen 2 1970/1971, 1997/1998
UEFA Supercup 1 1998
UEFA Europa League 1 2012/2013
VM i fotball for klubblag 0
FA Youth Cup 5 1959/1960, 1960/1961, 2009/2010, 2011/2012, 2013/2014
UEFA Youth League 1 2014/2015
Zenith Data Systems Cup1 1990
FA Youth-cup21960, 1961
  • Semifinalist i Meisterligaen: 2005.
  • Vinnar av 2. divisjon: 1983/84 og 1988/89.
  • Finalist i FA-cupen: 1915, 1967, 1994 og 2002.
  • Finalist i ligacupen: 1972

Kjende spelarar

[endre | endre wikiteksten]

Norske spelarar

[endre | endre wikiteksten]

Tore André Flo, Erland Johnsen og Frode Grodås.

Overgangsrekordar

[endre | endre wikiteksten]

I januar 2023 sette Chelsea klubbrekord og Premier League-rekord då dei henta Enzo Fernandez frå Benfica for 107 millionar britiske pund. Chelsea signerte også ukrainske Mykhailo Mudryk i løpet av det same overgangsvindauget. Ukrainske Mudryk er den tredje dyraste signeringa i klubben si historie. [1]

Trenarar (managers)

[endre | endre wikiteksten]
Manager Periode Manager Periode
John Tait Robertson (1905-1907) Geoff Hurst (1979-1981)
David Calderhead (1907-1933) John Neal (1981-1985)
Leslie Knighton (1933-1939) John Hollins (1985-1988)
Billy Birrell (1939-1952) Bobby Campbell (1988-1991)
Ted Drake (1952-1961) Ian Porterfield (1991-1993)
Tommy Docherty (1962-1967) David Webb (1993)
Dave Sexton (1967-1974) Glenn Hoddle (1993-1996)
Ron Suart (1974-1975) Ruud Gullit (1996-1998)
Eddie McCreadie (1975-1977) Gianluca Vialli (1998-2000)
Ken Shellito (1977-1978) Claudio Ranieri (2000-2004)
Danny Blanchflower (1978-1979) José Mourinho (2004-2007)
  1. «Chelseas most expensive transfers of all time» (på engelsk). Henta 20. februar 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]