Hopp til innhald

Vibrato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lydeksempel av vibrato på ein fiolin.
Lydeksempel av vibrato på ein gitar.
Vibrato på cello (ved slutten av spelet).
Vibratospel på gitar.

Vibrato er ein effekt som blir brukt innanfor musikk. Effekten består i at tonen blir endra med ei regelmessig pulsering. Vibrato blir brukt til å gje eit større uttrykk til vokal- eller instrumentalmusikk. Vibrato er typisk karakterisert i høve til to faktorar: storleiken av utsvinginga i tonen; og farten tonen varierer i.[1]

Ikkje alle instrument kan produsera vibrato, då nokre har statiske tonar som ikkje kan varierast i tilstrekkeleg grad. Dei fleste perkusjonsinstrument er slik, til dømes xylofon.

Tangentinstrument

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei fleste tangentinstrument ikkje kan produsera vibrato, finst det nokre typar orgel med høve til å framkalla effekten ved å endra lufttrykket, strømmer gjennom røyrane, eller via ulike mekaniske anordningar (sjå Hammondorgel som døme). Klavikordet er teknisk sett er eit tangentinstrument med statiske tonar, men er i stand til å laga ein type vibrato kjend som Bebung ved at ein varierer trykket på tangentane medan tonen lyd. Nokre digitale keyboard kan produsera ein elektronisk vibratoeffekt, anten ved trykk på tastane eller ved å bruka joystick eller ein annan form for MIDI-kontroll.

Strengeinstrument

[endre | endre wikiteksten]

På eit strengeinstrument kan ein skapa vibratoeffekt ved å føra fingeren som blir brukt på gripebrettet opp og ned på strengen.

Ein stor vibrato, kanskje til og med ein heiltonesvibrato, blir ein del brukt blant utøvarar av elektrisk gitar. Denne effekten kan ein både skapa ved å røra fingeren fram og tilbake, som skildra over, eller ved å bruka ein tremoloarm (ein stav som justerer stramleiken til strengene).

Blåseinstrument

[endre | endre wikiteksten]

Musikarar som spelar blåseinstrument, skaper generelt vibrato ved å justera luftstraumen sin. Dette kan dei oppnå anten ved magevibrato, marginal pulsering av mellomgolvet opp og ned, eller ved halsvibrato, ein variasjon av spenninga i stemmebandet for å manipulera lufttrykket slik songarar gjer. Nokre blåseinstrumentalistar bruker òg andre teknikkar. Saksofonistar skaper til dømes vibrato ved gjentakande med små rørsler der dei rører kjeven opp og ned.

For kvar type blåseintrumenter er det utiklva seg tradisjonar for bruk av vibrato. For dei fleste instrumenta har vibrato vunne sterkt fram (til dømes for tverrfløyte, der dei engelske og tyske fløytistane var forgangsfolk for eit vibratofritt uttrykk, men der den franske skulen med utbreidd vibrato enda med å dominera).[2] Klarinettistar speler veldig sjeldan med vibrato, men om dei gjer, er saksofonmetoden den mest brukte grunna likskapen mellom munnstykke og blad for saksofon- og klarinettfamiliane.

Messingblåsarar

[endre | endre wikiteksten]

Messingblåsarar kan produsera vibrato ved varsam risting av instrumentet, noko som endrar trykket av munnstykket mot leppene. Alternativt kan embouchuren bli endra med raske rørsler, noko som «bøyer» tonen. På ein trombone kan instrumentalisten få fram ein meir tydeleg vibrato ved å røra sliden fram og tilbake.

Autovibrato

[endre | endre wikiteksten]

Nokre instrument kan berre spelast med ein konstant mekanisk vibrato (eller heilt utan). Her kan ein særleg nemna elektriske orgel ved bruk av Leslie-høgttalar. Vibrato på ein theremin, som er eit kontinuerleg tonevariabelt instrument utan pausar, kan svinga frå delikat til overdrive og tener ofte til å skjula dei små rettingane i tonen som instrumentet krev.

  1. Sundberg, Johan. «Acoustic and psychoacoustic aspects of vocal vibrato» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 7. april 2020. Henta 4. oktober 2010.
  2. «Trends i forskellige lande på flutehistory.com». Arkivert frå originalen 18. september 2008. Henta 26. januar 2009.