Eid var ein kommune i Sogn og Fjordane. Han vart slått saman med Selje i 2020 og vart ein del av Stad kommune i Vestland fylke. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.
Eid omfattar områda omkring Eidsfjorden, som er ein 13 kilometer lang fjordarm av Nordfjorden. I vest strekkjer Eid seg til nordbreidda av Nordfjord vestover til Lefdal og i aust går staden til områda nord for Hundvikfjorden og Utfjorden, og dessutan Eidsdalen og områda omkring vestre del av Hornindalsvatnet. Eid grensar i nord til Møre og Romsdal fylke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.