Golfstatane er dei arabiske landa ved Persiabukta: Bahrain, Kuwait, Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Qatar og Saudi-Arabia. Somme tider blir Irak rekna med.
Med unntak av Irak er alle golfstatane monarki og har i tida etter andre verdskrigen utvikla seg frå relativt tynt folkesette land til å bli nokre av dei rikaste samfunna i verda, på grunn av deira sentrale rolle i den internasjonale handelen med olje. Det er stor ulikskap mellom lokalbefolkninga og dei mange migrantarbeidarane, som har vore sentrale i utbygginga av landa si sosiale og materielle infrastruktur.
Bahrain og Saudi-Arabia, Oman og Kuwait, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata utgjer medlemmene av Golfrådet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.