Springdans er namn på fleire norske bygdedansformer i tredelt takt.
Faktaboks
- Etymologi
-
av springe (norrønt springa) 'fare snøgt fram på føtene; laupe, renne' eller 'bykse, hoppe, sprette'
- Også kjend som
-
springar, springedans, spring
Etter gammalt var namnet brukt i det meste av Noreg sør for Dovre, til liks med nokre få bygder i Trøndelag og nørdst i Hedmark. Unnatak er namnet gammalt i Nordfjord og namn som pols(dans) i det meste av tidlegare Hedmark fylke og på Nordmøre, og runnom i Engerdal og Trysil. I resten av landet, det vil si Trøndelag og Nord-Noreg, blir dei tilsvarande tredelte bygdedansformene kalla pols eller polsdans.
Det er mange store skilnader mellom dei norske bygdedansformene i tredelt takt, men knapt noko som tydeleg kan skilja alle springdansformer frå alle polsdansformer. Mange springdans- og polsdansformene på Austlandet har assymetrisk takt, det vil seia at dei tre taktslaga har litt ulik lengde. På Sør-Vestlandet, frå Nordfjord og sørover har springaren udelt takt. Det vil seia at musikken ofte ikkje markerer dei tre taktslaga i ein takt systematisk ulikt. Slikt blir preget jamnt, og dansarane grupperer stegamønstra sine fritt over eitt, to, tre eller fire taktslag. Det er tilhøvet mellom dansen og musikken vi her kallar udelt.
Dei fleste stader har det vore vanleg at para flytter seg etter kvarandre rundt golvet mot sola både i springdans og polsdans.
Den tredelte norske bygdedansen, særleg i område der ein brukar namnet springdans/springar, har påfallande likskapar med austerrikske og sør-tyske ländlerformer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.