Bildet viser fronten på et lokomotiv. Det er store hull og avrene deler som viser hvor ødelagt toget er av rust.

Sjølv eit stort lokomotiv kan bli heilt øydelagt av rust.

Foto av rust på lokomotiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

Rust er eit raud-brunt stoff som blir danna på overflata av jern når det reagerer med oksygen i luft og vatn.

Som oftast blir rust fyrst danna på overflata. Så rustar meir av jernet etter kvart. Det kan føre til store skadar på jernet, og ting kan bli heilt øydelagde. Det er fordi rust er mykje svakare enn jern.

Saltvatn gjev meir rust

Jern rustar fortare i saltvatn enn i ferskvatn. Difor er det ekstra viktig å verne ting som skal brukast i sjøen mot rust. Båtar treng til dømes godt vern mot saltvatn.

I Noreg er salt eit problem for bilar. Om vinteren blir det brukt salt på vegane for å få isen til å smelte. Saltet får bilane til å ruste fortare.

Korrosjon

Når eit metall reagerer med luft og vatn, blir det kalla korrosjon. Rust er ein type korrosjon.

Kopar er eit døme på eit anna metall som korroderer. Når kopar korroderer blir det grønt på overflata. Det grøne belegget blir kalla patina eller irr.

Vern mot rust

Det finst fleire måtar å unngå rust på. Jern rustar ikkje dersom ein held det unna luft og vatn. For å verne jernet kan ein male det eller smørje det inn med olje. Ein kan òg dekkje jernet med eit anna metall. Det er til dømes vanleg å dekkje spikrar av jern med sink. Sink rustar før jernet, og vernar difor jernet. Dette heiter galvanisering.

Rustfritt stål

Jern blir brukt til å lage stål. Vanleg stål kan ruste fordi det har jern i seg. Men det finst ein type stål som nesten ikkje rustar. Det blir kalla rustfritt stål. Rustfritt stål blir brukt til å lage mange ting. Det blir mellom anna brukt til knivar, vaskar og smykke.

Høg varme, skitt og kjemikaliar kan likevel gjere at rustfritt stål rustar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Unni Eikeseth
Førstelektor i naturfag, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet