Krøllalfa
Utsjånad
(Omdirigert frå @)
| @ | |||
Krøllalfa | |||
|---|---|---|---|
| Unicode | U+0040 @ COMMERCIAL AT (@) | ||
| Sjå òg | U+FF20 @ FULLWIDTH COMMERCIAL AT U+FE6B ﹫ SMALL COMMERCIAL AT | ||
@ eller krøllalfa er eit teikn som mellom anna vert brukt mykje i e-postsamanheng.[1] Då Ray Tomlinson i 1971 fann på å sende e-post mellom to datamaskiner på Arpanet og skulle velje ein måte å skrive e-postadressa på, hadde han bruk for eit teikn til å skilje personnamnet frå datamaskina (eller staden) sitt namn. Behovet var eit teikn, som ikkje inngår i eit personnamn, firma eller stadnamn, og som finst på eit normalt tastatur.
På engelsk vert @ uttala som «at», altså ved, på eller hos. E-post-adressa bill@example.com tyder med andre ord «Bill hjå Example».
I eit anna tidleg datasystem vart @ brukt til å lage linjeskift, sidan teiknet ikkje vart brukt som eit normalt teikn.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Krøllalfa», Språkrådet, henta 8. oktober 2025