Jordbruket i Austevoll er lite i omfang og er prega av ein gjennomsnittleg bruksstorleik på om lag halvparten av gjennomsnittet for fylket. Det vert hovudsakleg drive med saue- og storfehald.
På øyane Huftarøy og Selbjørn går den gamle nordeuropeiske sauerasen villsau i sin opphavlege genetiske form ute heile året.
Primærnæringane utgjer likevel mange av arbeidsplassane i kommunen grunna den omfattande fiskeriverksemda. Austevoll er den klart viktigaste fiskerikommunen i tidlegare Hordaland, rekna både etter sysselsetjing og fangstmengde. Berre ein mindre del av fangsten blir ilandført i kommunen. Også i landsmålestokk er fiskerinæringa i kommunen betydeleg. Austevoll har til dømes Noregs største ringnotflåte med om lag 25 store farty. Det vert også drive fiskeoppdrett i stor målestokk i kommunen.
Austevoll har tre store offshorereiarlag med DOF Rederi som det største, ved sida av North Sea Shipping og Shipman som også er store.
Industrien inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning omfattar rundt ein femtedel av arbeidsplassane i kommunen. Industrien er heilt dominert av næringsmiddelindustri (i fyrste rekkje fiskeforedling) og verkstadindustri. Innanfor fiskeforedlinga er Austevoll Seafood ASA største føretak. Det driv også med fiskeoppdrett og har dessutan verksemd i andre store fiskerinasjonar som Peru og Chile. Tekstilindustrien, i all hovudsak reparasjon og produksjon av garn og nøter, utgjer resten av industrinæringa i Austevoll.
Av dei busette yrkestakarane i kommunen har om lag ein tiandedel arbeid utanfor kommunen, flest i Bergen, men og i kommunar i Sunnhordland, i Fusa, Samnanger og Bjørnafjorden.
Kommentarar (3)
skreiv Gunn Næss
skreiv Svein Askheim
skreiv Geir Thorsnæs
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.