Knarvik er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 6590 innbyggjarar (2023).
Knarvik er administrasjonssenter i Alver kommune, og ligg på nordsida av Salhusfjorden, lengst sørvest på Lindåshalvøya. Knarvik tettstad omfattar òg den samanhengande, bymessige busetnaden nordvestover langs Kvernafjorden i Isdalstø og Alversund.
Knarvik er regionsenter for Nordhordland. Her ligg eit større forretnings- og servicesenter og mykje småindustri, likeins Knarvik Industri og Miljø AS, ei verna bedrift med eit breitt spekter av produkt og tenester. Knarvik er òg eit skulesenter med mellom anna vidaregåande skule.
Avisene Strilen og Nordhordland kjem ut i Knarvik. Knarvik kyrke frå 2014 ligg nord for sentrum og ein statue av Ivar Medaas står ved Knarvik senter.
Europaveg 39 går på bro over Hagelsundet frå Flatøy og passerar gjennom Knarvik. Der er og avkjøyring for fylkesveg 57 til Gulen. Ferjesambandet over Salhusfjorden mellom Knarvik og Steinstø var fram til opninga av Nordhordlandsbrua på E39 mellom Hordvik i Bergen kommune og Flatøy i dåverande Meland kommune (1994) den travlaste ferjestrekninga i landet målt i talet på bilar transportert årleg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.