Manger er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1141 innbyggjarar (2023).
Manger var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Radøy.
Tettstaden ligg ved Mangersvågen/Mangerspollen som skjer seg inn frå Mangersfjorden på sørvestsida av Radøya. Fylkesveg 525 går igjennom tettstaden er det mykje industri, mellom anna næringsmiddelindustri (SMP Marine Produkter), trevareindustri (Natre Vinduer AS) og tekstilindustri (AS Fiskenett). Her ligg òg Manger kyrkje, som er ein langkyrkje i tre frå 1891. Manger folkehøgskule ligg like ved kyrkja.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.