Faktaboks

Tinne

Tinnelva, Tinnåa

Etymologi

truleg etter gammalt namn *Tinnr på Tinnsjå, usikker tyding

Region
Telemark
Byar

Notodden

Lengd
31 km
Nedbørfelt
4114 km2
Kjelde
Tinnoset
Munning
Notodden
Vassdrag

Skiensvassdraget

Tinne er ei elv i Telemark, i Notodden kommune, frå Tinnsjå (187–191 meter over havet). Elva renn gjennom Tinnedalen og ut i Heddalsvatnet (16 meter over havet) ved Notodden sentrum.

Tinnelva dannar Årlifoss, Grønvollfoss, Svelgfoss, Liafoss og Tinnefoss, som alle er utbygd for kraftproduksjon med ein samla kapasitet på 182 MW. Samla fallhøgde er 138,4 meter.

Fossefalla i Tinne blei utbygd frå 1901 og frametter for å skaffe kraft til industrien, framfor alt til Norsk Hydro sin salpeterfabrikk på Notodden. I samband med utbygginga av Svelgfoss kraftstasjon blei det bygd ei demning i elva som held eit magasin som strekker seg tre kilometer oppover elva i Lisleherad. Kloumannsjøen er oppkalla etter byggeleiaren for kraftanlegget, ingeniør Sigurd Kloumann. Kloumannsjøen er drikkevasskjelde for Notodden.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg