Kreditt er økonomisk tillit som gjer at ein kan få lån eller kjøpt varer utan å betale med ein gong. I vanleg språkbruk blir ordet kreditt òg nytta i tydinga betalingsutsetjing for varer, arbeidsytingar og liknande som kreditor har levert, i motsetnad til pengelån.
Utanom personleg tillit kan kreditt grundast på kausjon, garanti og pant av ulikt slag. Den tida kreditt blir ytt, kort eller langsiktig, kan vere avtalt eller ubestemt.
Etter sikkerheita som blir stilt, blir det skilt mellom personalkreditt og realkreditt. Personalkreditt blir ytt når debitors vederheftigheit og/eller kausjonistar, det vil seie garantistar, dannar sikkerheita, medan realkreditt blir ytt når det er stilt pant for forpliktinga, i lausøyre eller fast eigedom.
Kreditt er vanlegvis gitt med eit vederlag, oftast i form av rente, men kan òg vere vederlagsfri. Kredittar i større omfang blir hovudsakleg ytte eller garanterte av bankar, finansieringsselskap, kredittforeiningar og andre kapitaloppsamlande føretak.
Regulering av pengemarknaden ved påverking av kredittmengda er eit viktig ledd i penge- og kredittpolitikken til styresmaktene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.