Stepping er ein danseteknikk der lyden som blir skapt ved at dansaren slår føtene mot underlaget, er eit hovudelement. Dansen blir oftast utført som solodans.
Nemninga stepping, engelsk step dance, har utgangspunkt i Storbritannia og Irland og i ein eldre folkeleg tradisjon der. Ordet er brukt i norsk litteratur frå tidleg på 1900-talet.
I USA utvikla det seg ei meir sjangerspesifikk form. Her fekk dei britiske og irske formene impulsar frå likearta afrikanske teknikkar. Dei brukte namnet tap dance, som vart spreidd internasjonalt gjennom profesjonelle utøvarar, film og tevlingar. Denne dansen blir på norsk kalla steppdans.
Steppdans er i dag den mest kjende forma for perkusivt fotarbeid i dans, men det finst også fleire andre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.