lørdag 2. februar 2013

Sinnasaujakken

No har eg og endeleg strikka  Sinnasaujakken til Pinneguri.

Image
Og det måtte jo bli med garn som eg har spunne sjølv.

Image
Eg kjem alltid tilbake til kor kjekt det er å strikka med sjølvspunne garn.

Image
Og på denne jakken med så trivelege sinnasauer, var det jo ekstra kjekt.

Image

Eg har gjort diverse endringar. Blant anna så strikka eg den fram og tilbake. Deretter strikka eg stolpane, og sydde dei på.
Image
 Det gjekk ikkje med så mykje garn. 218 gram inkludert knappar.

Takk for at du såg innom, og god helg :)


søndag 23. september 2012

Hals av ull og silke

Det er alltid kjekt å strikka noko av garnet som ein  spinn.

Image
Eg hadde lyst på ein luftig hals i tynt garn, og som kunne passa å bruka inne.

Image
Oppskrifta er enkel, og blei til etterkvart.

Image
Den blei lett og luftig, og veg berre 57 gram.
Image
Garnet er spunne av Bluefaced Leicester og silke, så det har ein fin glans. Eg kunne nok tenkt meg å spinna meir av dette.

Takk for at du tittar innom :)

torsdag 30. august 2012

Nico og sitjeunderlag

Dette er Nico, av hunderasen Samojed. Han lærde meg å ikkje vera redd for store hundar.

Image
I dag er ikkje Nico her lenger, derfor er det ekstra stas å ha eit minne etter han som varmar.
Image
Det var ikkje min hund, men eg var så heldig å få spinna fiber frå pelsen hans. Blanda det med 50% ull før eg spann det.

Image
 Så fekk eg forespørsel om eg kunne strikka eit sitjeunderlag av garnet og tova det.

Image
Eg var veldig spent på korleis resultatet ville bli, men det gjekk over all forventning. Det tova seg veldig fint, og blei utruleg mjukt og godt. Og eg merka at eg blei alltid så varm når eg strikka av det.

Image
Her er undelaget før toving.

Dette var eit spennande prosjekt, og er er så heldig at eg har fått meir fiber frå same hunderase. Men ting tar tid. Først skal fiberen vaskast og rensast og kardast og spinnast, før eg kan strikka noko av den. Men heile prosessen er jo berre gøy. Så eg har mykje kjekt arbeid å sjå fram til :)

Velkomen til nye følgarar. Håper de finn litt spinneinspirasjon her :)

tirsdag 15. mai 2012

Meir spinning

Det er godt å setja seg ned med rokken og spinna. 

Image
Og denne Merinoulla er så herleg mjuk og god.

Image
Har planer om å strikka noko av den, men veit ikkje heilt enno kva det blir.

Image
Litt restar må og spinnast opp. Fine fargar som kan brukast ilag med anna garn.

onsdag 28. mars 2012

Kjekt med spinning

Det er alltid kjekt med litt spinning innimellom andre sysler.

Image
Som regel veit eg ikkje kva eg skal bruka garnet til når eg spinn det.

Image
Det er det kjekke med å spinna som blir det viktigaste.

Image
Så får ideane koma etterkvart.

Image
Det er i alle fall koseleg å ha sitt eige garn å strikka av :)




onsdag 7. mars 2012

Strikka topp i Merinoull

Det er nok ikkje så ofte eg oppdaterer denne bloggen, men for meg sjølv er den som eit oppslagsverk for spinninga mi. Men det er jo veldig kjekt når nokon stikk innom og legg igjen ein kommentar. Det set eg stor pris på :)
Image
Denne gongen har eg strikka meg ein topp av  Merinoull som eg spann for ei tid tilbake.

Image
Det er ei mjuk og kløfri ull, som kan brukast direkte på kroppen.

Image
Eg trur det blir ein god topp å ha når det vårast. Oppskrifta er enkel, og er kun rillestrikk og glattstrikk. Strikka eit brot med rillestrikk på armane, før eg strikka alt inn på ein pinne, og fortsette med raglan. Avslutta med raglan når det kvite garnet var nesten oppbrukt! Til slutt ein rillestrikka hals.

Så kjekt at du stakk innom :)

mandag 30. januar 2012

Eit nytt år med spinning

Så godt å vera i gong med spinning igjen. Det er fin meditasjon og avslapning.

Image
Denne gongen har eg spunne Bluefaced leicester med silke. Veldig godt å spinna, og eg ser fram til å strikka av det. 

Image
På grunn av dårlege bilder, kjem ikkje garnet til sin rett.

Image
Det vart 95 gram. Mjukt og godt, og med passeleg innslag av silke som gjer ein fin glans.