lørdag 31. desember 2011

Fleire votter

ImageEtter litt opprydding i garn, fann eg garn og mønster til desse vottane kjøpt for fleire år sidan.
Dette er eit mønster frå Randi K design, strikka i garnet Cascade 220, pinnar 2,5 og 3,5.

onsdag 28. desember 2011

Romjulsstrikk

ImageEit par nye vottar blei til i løpet av eit par dagar.
Dette er Leafy Mittens, designa av Arnhild H Hillesland.
Garnet er Rauma Finullgarn, pinnar nr. 2,5.

mandag 26. desember 2011

Uver

ImageSlik såg det ut på terassen vår i dag tidleg etter at Dagmar hadde tatt seg ein tur forbi....
Image

lørdag 24. desember 2011

Ny garderobe

ImageDå vat det nokre nye klær til strikkedukkene....

onsdag 21. desember 2011

Juleflesk

ImageDå er juleflesket klart også. Dette er vel det næraste vi kjem seigemenn.
Skikkeleg karbobomber er det i allefall, men du verden so godt!

Tova nisse til tennbrikettrør

ImageDet er blitt veldig populært å strikke ting til å skjule tennbrikettrøra med. Mønsteret til denne nissen fann eg hos Mikk-L design, der kjøpte eg også garnet. På nyåret kjem det ei ugle også, frå same designer.
Flotte julegåver!
Image
Image

Årets juleduk

Image
Image
ImageÅrets juleduk vart eit nytt mønster frå AnnaKa. I staden for handsøm har eg brukt maskinbroderi frå LinneaArtline.

Julekrybba er komplett

ImageDå er krybba heilt ferdig. Det siste tilskuddet vart ein engel, og eit esel....

tirsdag 22. november 2011

To gode vener

ImageDesignerane Arne & Carlos har gitt ut ei bok med mønster på strikkedukker. Desse er blitt veldig populære, og flotte julegåver blir dei også.
Desse to må nok skilje lag til jul, då får dei kvar sin ny heim der det bur to små jenter som nok blir glade , håper eg.
Dukkene er strikka i Falk frå Dalegarn på pinner nr. 2,5 og 3.
Image

onsdag 16. november 2011

Julekrybbe

ImageDå er vismannane også ferdige, og julekrybba er komplett. Det gikk ganske fort å strikke figurane, men det tok si tid å montere dei.
Ferdig er eg iallefall, eller? Kanskje dukkar det opp nokre fleire dyr før jul...
Image
ImagePå Hobbyboden strikker vi julekrybbe. Det er Wia som står bak dette, og deler ut mønsteret litt etter litt. No er det berre vismennene igjen, så er den ferdig. Her var det berre å leit fram resteposane med garn. Har brukt Senjagarn, Silja, og Sisu, på pinner nr.3.
Skulle nesten hatt ein stall og.
Image

tirsdag 15. november 2011

St. Kilda

ImageEg hadde ein stor pose med Nepalgarn frå Drops, og då eg fann dette mønsteret, visste eg at garnet endeleg kom til nytte. Nepal er eit godt garn å strikke av, men eg synest det er litt for tjukt. St. Kilda, (Ravelrylink) eller tunikaen, er strikka på pinner nr. 5. Trur eg brukte 15-16 nøster.
God og varm er den i allefall...
ImageResten av garnet eg løyvde frå St.Kilda vart det nok til eit par vottar og ein hals. Begge deler strikka på pinner 5. Brukte ca 4 nøster på begge deler.
Image

fredag 4. november 2011

Fleire sokker

ImageDå har det blitt sokkestrikking igjen. Desse sokkane er strikka i Perfect, på pinner 3,5.
Mønsteret er frå Bittami.
ImageDesse er strikka i Wollmeise, pinner 2,5. Designer her er Jeannie Cartmel, ho lagar verdens finaste sokker...
ImageOg så er det Epletreet's snurrige sokker, også strikka i Perfekt, pinner 3,5

onsdag 12. oktober 2011