tirsdag 7. juli 2015

Sommaren er her... er her ikkje.. jau, no var han her igjen ;-)

Det har vore ein lang og kald vår og tidleg sommar. Var lenge lite fart i det som spirar og gror ute, sett vekk frå graset på plenen då, det veks ALLTID. Men, frå kring midten/slutten av juni, ser det ut til at sommaren har tenkt å koma med varmare vèr og sol. Litt tilbakefall innimellom, med kalde kveldar og netter (og litt fyring i omnen..), men, dog ser det ut som det skjer noko no! Yippi!

Livet som kafe og selskaps- ansvarleg på garden går bra så langt. Marta, og frå 4.juli: Martina og Marta, styrer i kafeen i det daglege. Eg held sånn nokonlunde grei styr med papira og vareinnkjøp - så so far so good :-)

For nokre veker sidan var eg forresten på treff med gjengen frå landskapsforvaltning- og planlegging i Sogndal. Etter nokre rundar med kalkulatoren syner det seg at det er heile 20 år (!!) sidan me gikk ut frå Høgskulen i Sogndal (eg var såå sikker på at det var 15..). Etter å ha kome over dette faktum vart vart kvelden ganske så "trevlig", med middag på Kafè krydder som avslutning. Kjekt å sjå at dei fleste var akkurat like unge og lik seg som dei var for 20 år sidan :-)

For eit par helgar sidan var det Lerum cup, og sidan mellomste håpefulle starta på fotball her i vår, betyr det dugnad ! Dovask og bosrydding ein ettermiddag, og servering i grillkiosken dagen etter. Hektisk, men moro. Ei veke att til ferie frå landbruksjobben min no, og ei av vekene vert det ein etterlengta ferietur for familien. Det gledar me oss til alle mann. Men, først får ein gi ein ekstra innsats her og der, og så må de kosa dykk godt i det som no ser ut som sommaren alle saman!


Image
Thea Marie og hjortekalven BAMBI, som
er veeldig kosete
Image



Image
Minni i ein av favorittpositurane i sofaen (!)

Image
Elias på besøk på Høyheimsvik


Image
 
Image
17-mai 2015
 

ImageImage

Image
Bursdags-/dugnadshelg i Bergen

Image
Landskapstreff i Sogndal
Image
Framsyning "Den levande skogen" av Solvorn oppvekstsenter (og Thea Marie opna med solo!!)


Image
Avslutningsfest for 10 klasse på Hafslo!


Image
Jonsokfeiring i Kroken
ImageImage
LERUM CUP!!!

Image

Image
Rabarbra-pai og paiskal til kafeen! mmm..


Image 

Image
Bading høyrer til, for tobeinte og firbeinte


ImageImage
Og jorbær, sjølvsagt. Det kan me igrunn eta uavgrensa av.. ;-)

Image
 
 
 



torsdag 7. mai 2015

Då tenkjer eg me startar med blanke ark, gitt..

Eg ga opp å snirkla meg attende til 7 september, eller når det var siste blogginnlegg var, så då startar eg her og no (med mulegheit for nokre "tilbakefall" innimellom når eg har lyse augneblink ;-)


Me er på god veg mot lysare årstider, og nye tider på fleire vis. Denne sommaren vert eg "in charge of" kafe og selskap på garden. Me har gjort nokre val og grep (omsider), som har munna ut i at yngste søster har tatt over garden me har vakse opp på, eg og min gjeng deler frå hus med stabbur og tun rundt, og drifta har me fordelt etter interesse og skjønn.. Jaudå, så no vert det ein spennande sesong som ansvarleg (aleine!!) for selskap og kafedrift. Det går nok greit nok, trur eg. Men, at rekneskapfolka får papira like på stell som dei har fått til no, vel det er vel heller lite truleg.. Det er nemleg der me er ulike eg og veslesyster, som har vore medsammensvorne i denne delen av drifta til no. Ho er ein ordensperson av ein heilt anna verden (ut i frå min målestokk) når det gjeld orden i papir og "slikt", medan eg er meir "kreativ" der (for å seia det slik..) Men, det ordnar seg for greie jenter, det gjer det jo alltid (?!)


Så var eg på mitt første Sp møte hin kvelden. Jepp, har hoppa frå Ap til Sp med eit mål for auga: No gjeld det å samla dei distriktsvennlege kreftene me har kringom for å unngå at me vert sugd inn i Oslobygda heile gjengen! For kvar i svarte meiner folk at verdiane er og vert skapte? I Oslo? Dei som kjenner meg veit eg brukar denne i ny og ne, for å gjera ein lang historie kort, men altså: Om me set opp ein stor ugjennomtrengjeleg mur kring Oslo - kvar trur de kloremerkja kjem først, på innsida eller på utsida?


Ok, nok politikk! På heimefronten er me i gang att med jobb, barnehage og skule. For å oppsummera livet som småbarnsmor att, i ein "velvaksen" alder vil eg seia at det har sine klare fordelar og ulemper. For (og de får sjølve vurdera kva som er kva ;-):
1. (og dette er kanskje berre innbilning) ein må halda seg "ung og sprek" leenge
2. Kan ikkje berre slenga seg på sofaen etter jobb og middag
3. Held seg utruleg godt oppdatert på barne-tv seriar, og når dei ulike går (favorittane vil me ikkje gå glipp av!)
4. Store storesøstre som kan ta i eit tak når det trengs, og læra minsten opp i dei viktige verdiane i livet; som sminketips, den kulaste musikken, dei beste seriane og ikkje minst bruk av Iphone og internett..
5. Ikkje like lett å "ta seg ein tur ut" om kvelden. (Som om det i utgangspunktet var pis ov keik, slik som me har busett oss - 1 t i bil til næraste utestad - 1,5 t om du skal vera sikker på å koma til ein som er open..
6. Masse rot, kos, frustrasjon og glede - og tida går så j.... fort! 


Det gjeld å "halda på seg sjølv" oppi ungar med fritidsaktivitetar, overnattingsbesøk, tannlege-, lege- og sjukehusbesøk, foreldremøter og avslutningsfestar i barnehage, barneskule og ungdomsskule, og hus og heim og jobb. Det er ei viktig øving å setja av litt tid til seg sjølv og sine interesser og vener, og då ikkje naudsyntvis berre foreldre til dei borna som dine born er saman med - sjølv om det er enklast, men då kanskje på feil (borna sine..) premiss att! For, ein dag roar vel tempoet seg litt, og me skal prøva finna oss sjølve og venene våre og interessene våre att - og då er det greit at me ikkje har mista dei på vegen.. Enkelt å seia, litt utfordrande å få til, kanskje.


Ein av mine frustrasjonar (no har eg ikkje så mange av dei altså - prøver å ta inn over meg katastrofer og sjebnar ute i verda, for å stadfesta og minna meg sjølv på at eg har det heilt fint ;-). Men: eg tenkjer av og til at eg har så lyst å be venninner/kjente på kaffi/mat/prat ein ettermiddag eller ein laurdag, men så strandar det alltid med at eg orkar ikkje tanken på å ordna huset i ein slik stand at eg er komfortabel til å få gjestar, og det er så godt å setja seg med strikket i sofaen fredag kveld med tv og litt snop.. No ser eg at dette ikkje høyres heilt bra ut! Korleis me eigentleg har det til vanleg? Jau, heilt ok til vårt bruk, men eg kjenner eg ikkje er heilt avslappa til å berre vera avslappa til det overfor andre, og det er no litt dumt. For det viktigaste er jo å kosa seg - eg veit jo det. Og, eg sjølv reagerer jo ikkje på rot når eg er på besøk hjå kjekke folk. Det viktige og kjekke er å møtast! Dette får eg jobba litt med, både huset og meg sjølv, sikkert ;-) Det er vel noko med eigne forventningar til seg sjølv og kva ein trur andre forventar av deg (sjølv om dette igrunn er tullepreik, det ser eg når eg les det no ;-) Life is too short, osv.


Nuvel, dette var eit livsteikn frå meg. Så heng eg på nokre bilete som krydder til alle dei velvalde orda ;-)
Image
Thea Marie 2 år, 23.januar!

Image
Ornes barneskitrekk hadde ope nokre dagar i vinter og!

Image
Karneval i barnehagen

Image
Vår lokale snekkar Steinar laga flott stove-spisebord til "Ny-gammel-stova vår"

Image
Årets første grilling i stranda

Image
Pappa og Thea Marie studerer fiskesortar på ferja

Image
Marta og Thea i pippi-teltet

Image
Og det var karneval i Solvorn

Image
Indisk jente og kanin

Image
Siste bokbåtbesøk i Kroken (!?)

Image
Ingvill fjerna polyppar i vår

Image
Tur til Stongfjorden, Askvoll og Dale

Image
Thea Marie havna på sjukehus etter omgangssjuke og dehydrering.. Gikk bra til slutt!

Image
Spirer i glaskarmen som ventar på varmare ver!

Image
Og, ja.. denne skulle vel kome lenger oppe..- Men, JULA 2014!

Image
Turnsøndag i Sogndal

Image
Og der var karnevalet igjen..

Image
Og, frå fisketur i Stongfjorden

Image
Same fisketur






søndag 7. september 2014

Oi og ups..., der fauk det avgarde nokre månader, gitt!

I mangel av ord, eller eg veit ikkje kva..her er ei biletoppsummering av vår, sommar og tidleg haust :-)

Image
11.mai var vesle Heidi vår konfirmant!

Image
Konfirmanten vår med nyaste familiemedlem (som ikkje kom til oss før i slutten av juni - sjå lenger ned!)

Image
Minnie!

Image
17 mai vart feira først i Solvorn, så på Sørheim om kvelden

Image
Ei tankefull Thea Marie på 17-mai i Solvorn :-)

Image
Tur til Kveken

Image
1.juni helga bar det avstad på familietur til FRANKRIKE! Thea Marie tittar ut av flyglaset etter landing

Image
Mor og datter selfie frå hotellrom i ...ja, ein by i Frankrike ;-) (får koma attende til det)

Image
Me besøkte landgangstrendene i Normandie 

Image
Mont St Michel (på verdsarvlista til UNESCO)
Image
Frukost i Frankrike, med croissanter sjølvsagt! 
Image
Eg og eldste jenta mi

Image
På jonsokfeiring i Kroken

Image
På eit hotellrom i Hønefoss, der me henta Minnie

Image
På veg heim med nyaste familiemedlem

Image
9.juli feira med 90 årsdagen til mormor, på museet i Ålesund. Her var ulike aktivitetar å vera med på og!

Image
mormor med døtrene, og ei sovande Thea Marie

Image
Eg og mormor

Image
Ein varm og fin sommar, då høyrer bading til!




Image
Familien samla på konfirmasjonsdagen til Heidi
Image
Me feira 11 årsdagen til Ingvill med både jenteovernattingsparty og påfølgjande familieselskap

Ja, og me er i gang att med jobb for mor, og barnehage for vesle Thea Marie - ny kvardag, men det får bli i neste "kapittel" :-)