lørdag 31. desember 2016

Jula 2016

Så vart det endeleg jul, det hadde me gleda oss til lenge her i huset. Ferie frå kvardagen, få Veslejenta heim på ferie, god tid, besøk av familie og venner, tid til turar og god mat, og gode strikkepausar innimellom. I år og vart førjulestida litt annerledes enn forventa, men likevel fekk me tid til å gjere akkurat passe førebuingar slik at det blei ei koseleg jul.
Eg hadde eit fall på jobb, gjekk rett i golvet baklengs og smalt bakhodet kraftig ner i murgolvet. Eg var nok heldig sjølv om hodet vart ganske hovent og vondt - ingen alvorlige indre skadar. Det kunne faktisk gått mykje verre..... Takknemleg for det. Men jul vart det - ein koseleg høgtid,
med alle dei elementa  me sett pris på.

Image
Nissefamilien fekk bu i Eldhuset i førjulstida.

Image
I år hadde me julegrøt i Eldhuset.
Ein ny koseleg  tradisjon.
Image
Eg fekk lese juleevangeliet i kyrkja på julaften.
Fint å starte julekveldsfeiringa der.


Image
Me må alltid vente med å pynte juletreet til
lille julaften og når Veslejenta er komt heim.

Image
I år fekk litt av julepynten plass inni
eit gammal skap.

Image
To kusiner som var veldig glade for å feire jul i lag!

Image
Dei to småjentene og mormora!
Me må alltid ha eit oppstilt bilde framfor juletreet.

Image
Og her er gamlemor med døtrene sine.
Mormorer dei og:-)

Image
Nytt skjerf

Image
Ny t-skjorte

Image
Spennandes julegåve:
Håndtein og ull til spinning.
Heldigvis følgte det med kurs og veiledning!
Eldstejenta har kunster å lære bort.

Image
Tantekos 1.juledag.





Image
På dagstur til Kristiansand for å vere i lag med desse to.
Image
Me gjekk oss ein fin tur.

torsdag 17. november 2016

Ein til - og ein til!

Eg strikkar vottar. Mange vottar. Kjekt å ha småstrikk på pinnane. Det er ikkje mange eg har tatt i bruk sjølv, dei er aller kjekkast å ha til presangar, enten som vertinnepresang, bursdagspresang eller julegåve. Eg trur dei fleste syns det er kjekt å få dei i presang og. Eg har funne fram ei gammal oppskrift igjen, eg kjøpte den og Lett-lopi Islandsgarn på Island i 2009. I ettertid har eg bestilt meir garn, og jammen hadde eg ei korg full av dette garnet. På pinne nr 4,5 går det fort. 6 par vottar i ulike fargar - klare til å gjes bort. Tenker dei blir julepresang til nokre kjekke damer.
Image
Det blei mange trådar å feste.

Image

Image

Image

Image
Par nr.13 og 14
Ellers har to par Snøhvit-vottar og blitt avslutta. Skal nok raskt få nye eigare.

Made for me!

Eg er endelig ferdig med Elinor-jakken min av Pinneguri. Eg starta i sommar, med "sytråd-garnet" Karmin supersoft frå Carmin i Kristiansand. Flott mønster, god forklaring og kjekt å strikke. Men me mange andre strikkeposar og i strikkekorga tok det litt tid. Men nå er eg ferdig, og godt fornøyd med jakken.
Image

Image





søndag 6. november 2016

Ny genser til Gubben

Endelig ferdig, må eg visst sei denne gongen. Det har tatt litt tid, men så har eg strikka deler av jumperen to gonger og. 1.gong vart det for vidt, og ein arm vart litt smal. Så då må me bare starte på ny. Garnet er laga av Ingeborg på Ullrommet. Nydeleg  håndspunne ullgarn frå grå trøndersau. Fantastisk fargespel i det. Denne gong har eg blokka plagget - dyppa det i vatn og lagt det til tørk mens eg strekkte og drog det inn i perfekt passform. Så i dag, ein klar og kald sundag,  har Gubben innvia genseren, på julemarked i Westernbyen. Han var godt fornøgd.

Image
Varm og blid haustgubbe

Image
Denne passte godt å ha i nakken.
Kjekt å vite kva som er framme og bak.

Image

Image

torsdag 27. oktober 2016

Strikkehelg i Stavanger

Det har vore strikkefestival i Stavanger igjen. I år var eg med for tredje gong. Det er veldig kjekt å ha ei helg med masse inspirasjon, treffe andre flotte strikkarar, lære nye teknikkar og kanskje handle litt nydelig garn. I år var me dobbelt så aktive som i fjor, me hadde meldt oss på 4 kurs + strikkefest på lørdagskvelden.  Eg hadde pakka med meg eit stort nett, med garn og pinnar, papirer og permar, og eit eige strikketøy til pausane innimellom. I år som i fjor var det Farmora til Tordis som var god medstrikkar på kurs. Me er like hekta på maskane begge to. Og så likar me så godt å snakka om Tordis, det felles barnebarnet vårt. Me blir aldri lei, og me er like begeistra begge to! Herlig:-)

I år hadde me meldt oss på Stasjonstrikk, med 5 ulike teknikkar, sokkehæler, Bringebær og svalestup - to teknikkar frå Picklesdamene i Oslo, og til slutt dobbelstrikk. Lørdagskvelden var med på Strikkefest på eit av utesatdene i byen. Innimellom fekk me og tid til eit besøk på  strikkecaféen innom  og alle dei flotte standane i salgsområdet. Jammen greide me å halde oss i skinnet" og ikkje kjøpe inn store mengder. To nøster sokkegarn og flotte porselensknappar frå Danmark fekk vere med heim. Fornøyd med det. Kammerset , eller kanskje det heller kunne heite Ullrommet, har visst fulle korger ennå.

I tillegg fekk me med oss eit cafébesøk i eit tyrkisk tea og kaffihus i "Fargegata" i Stavanger. Det var ein opplevelse. Her fann me gode stolar, godt lys, nydelig tea og ein artig cafévert. Her koste me oss med strikketøyet heil til Strikkefesten starta. Herlig og avslappandes.



Image
På Stasjonsstrikk fekk me prøve ulike teknikkar.
Her er det Daisy strikk nederst.




Image
Boblestrikk - denne hadde eg prøvd før.
Image
Kryssmasker.
 I tillegg prøvde med patenstrikk med to fargar,
men min prøvelapp vart så stygg,
kan ikkje vise den fram.
Kvalmandes fargar!
Må prøve med to andre fargar.
 
Image
Det finns jammen mange sortar hælar.
Artig å prøve nokre nye.
Image
Her er det strikka med forkorta pinnar.
Blei ganske fint.

Image
Denne kaltes tomato heel.
Ein slags forkorta omgangar det og.
Image
Bringebærstrikk
Image
Svalestup
Artige teknikkar.
Image
Farmora til Tordis

Image
"Oh, so sweet!"
Sa caféverten då me trakk opp strikket.
Og så strødde han roseblader over oss:-)
Image
Då me kom ut var det nesten magisk stemning i gata.


Image
Me kom og over ein liten pop-up butikk som selde koselige vesker.
Denne blei med meg heim.

Image
Prøvelapp på dobbelstrikk.
Dette kan bli ein fin gryteklut!
Finn feilen.
Måtte holde tunga beint i munnen,
for å få trådane på rett side.

Ei flott og spennandes helg er over.
Me gler oss til neste gang.
Satsar på nye spennandes teknikkar då.

fredag 21. oktober 2016

Premie i posten!

Eg var utruleg heldig her om dagen! Eg vakna opp til ein koselig melding frå Vottelauget om at dei hadde trukket ut bilde mitt - det med stolen og strikketøyet - som ein av vinnarane på Instagram i anledning Vottedagen. Og premien var både e-boka "Tusen og ein skatt" og 4 nydelige hesplar med plantefarga garn! Det blei dagens gladmelding! Og her om dagen var garnet på plass i postkassen - og boka i biblioteket på Ravelry. Det var veldig kjekt! Nå må eg bestemme meg kva vottepar det flotte haustgarnet skal få bli til. Trur jammen eg må ha dette sjølv... Det kan bli vanskelig å velje, det er så utruleg mange flotte mønster der ute. Men først må eg ha garnet litt til pynt i stova, det passa så godt nå om hausten.

Image
Fantastiske fargar

Image
Flott garn og koselig kort.
Image
Til og med Tordis har forstått kor viktig ein bunt garn er.
Den må kosast med og behandlast med respekt!

søndag 16. oktober 2016

Den store kofte-luftedagen.

Lørdag 15.okt var det den store kofte-lufte-dagen på Facebook.
Litt artig å slenge seg på slike utfordringar. 
Sidan me hadde haustferietid på hytta, 
vart det hyttekoftene som fekk lufte seg ute i det fri. 
Eg har samla ein del kofter og gensere her inne.
Det er godt å ha ei ekstra til både gjester eller til oss sjølv, 
både på kalde dagar eller når me sitt rundt grua ein sommerkveld. 
Nokre av koftene/gensrane er ganske gamle, 
den første kofta strikka eg som 17-åring, 
og hadde strikketøyet med på kanotur i Telemark med speidarane. 
Den Setesdalskofta passar endå, sjølv om den er litt kompakt i strikket.
Ikkje så ofte i bruk, altså.
To av koftene fann eg på rommet til Reisejenta. 
Dei har ho strikka til seg og forloveden. Det var Marius og Nancy.
Ein annan gammal genser tilhøyrer Gubben.
Den har hønsestrikk som skulle passa til sjølivet.
Blei ganske mykje brukt då den var ny.
Image

Image
Setesdalskofta frå 1982

Image
Gjekk på endå.

Image
Mykje rart me kan finna i sjøen:
både havfruer, fiskar, delfinar og krabbar.
I allefall fiskar og krabbar.

Image

Image
Hytteveggen med dei gamle skia til svigermor.

Image
Denne låg og i stabelen.
Skikkelig resteprosjekt.
Eldstejenta som bestemte bordene og fargane.

Vottedagen 2016

14.oktober er det vottedagen, 
i følge gamle primstavar. 
Då er det på tide å ta fram vottane og ta dei i bruk. 
Dette har dei "feira" på Instagram. 
I år vart det mange flotte bilder av fantastiske vottar. 
Veldig kjekt å sjå.  
Pinneguri som sette i gang dette på Insta oppfordra alle til å strikke vottar ute i det offentlige rom. 
Denne utfordringen måtte prøvast. 
Sidan eg er på hytta,  tok eg med meg Gubben og to strikketøy 
og drog inn til Hjelmelands ferjekai. 
Der står det nemleg ein kjempestor Jærstol, 
dei lagar nemleg mange slike stolar -i  normal størrelse- her i bygda. 
Den store stolen passa godt til å sitte å strikke på, tenkte eg. 
Litt strevsomt å komme seg oppå, men det gjekk. 
Litt lite grasiøst, men det gjer ingenting. 
Opp kom eg, og strikka fekk eg.

Image

Image
Ikkje lett å sjå kva vottar eg strikkar,
men det er Snøhvit frå Eventyrvottar.

Image

I tilleg fann eg fram alle strikkevottane me hadde på hytta og hengte dei ut til lufting. Artig det og!

Image
Eg har ikkje strikka alle sjølv,
men desseer ofta i bruk på hytta.
Har nok endå fleire fine par heime, i allefall i gåvekorga mi. Får vise dei ein annan gong.