Hopp til innhald

Midas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midas
Image
DødGordion
Tittelking of Phrygia
Yrkeherskar
LandFrygia
MorKybele
FarGordias
EktefelleHermodike II
BarnLityerses, Anchurus, Aegisteas
Image
Kong Midas og dottera hans, frå A Wonder Book for Boys and Girls av Nathaniel Hawthorne. Illustrasjon av Walter Crane.

Midas er ein sogeomspunnen konge av Fygia i gresk mytologi. Det er òg namnet på ein historisk konge som styrte over Frygia på 700-talet f.Kr.

Midas i mytologien

[endre | endre wikiteksten]

Midas blei tilboden å få eit ønske oppfylt av vinguden Dionysos (i ein annan versjon Silenus) etter å ha hjelpt han. Midas ønskte då at alt han rørte ved skulle bli til gull. Då maten hans òg blei gjort om til gull, måtte han be guden om å ta tilbake gåva. Ønsket som blei til ei forbanning, vaska Midas av seg i elva Pactolus, som etter det førte gullsand til byen Sardis.

Ifølgje Aristoteles sa soga at Midas aldri blei kvitt forbanninga, og at han til slutt døydde av svolt som følgje av det dårlege ønsket sitt.[1]

Midas gav òg ein forhasta dom i ein strid mellom gudane Pan og Apollon. Dei diskuterte kven som spelte den vakraste musikken. Kongen valde Pan, og Apollon gav han då eseløyre som straff. Midas skjulte dei under hovudplagget sitt så mykje han kunne, men måtte visa dei til frisøren sin. Frisøren kunne ikkje halde på løyndommen, så han kviskra det i eit hol i jorda som han så grov igjen. Men det voks siv opp frå det stengde holet, og når vinden bles gjennom sivet, kviskra det: «Kong Midas har eseløyre!»

Den historiske Midas

[endre | endre wikiteksten]

Ein historisk kong Midas av Frygia var i samband med Assyria på 700-talet f.Kr. I assyriske tekster blir han kalla Mita og var alliert med kong Sargon II av Assyria.

Midas sitt rike blei til slutt overvunne av kimmeriarane. For å sleppa fangenskap valde Midas ifølgje soga å drikka okseblod og dermed utføra sjølvmord.

I den gamle hovudstaden til Frygia, Gordion, er det ein stor gravhaug som populært blir kalla «Midashaugen». Arkeologiske undersøkingar av haugen viste at ein frygisk konge faktisk låg gravlagd inne i henne. Men det kan ikkje ha vore kong Midas sjølv, sidan dateringa av grava ikkje samsvarar med tida for Midas død, men er litt eldre. Det passa istaden med den til kong Gordion, far til Midas som hadde namn etter byen Gordion.

  1. Aristoteles, Politics 1.1257b