Hopp til innhald

Osaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osaka
大阪市
Ōsaka-shi
by
Image
Image
Flagg
Kallenamn: Nasjonens kjøken
Land Image Japan
Region Kansai
Prefektur Osaka prefektur
Areal 223,000 km²
Folketal 2 751 862 (1. mars 2021)[1]
Kart
Osaka
34°41′38″N 135°30′08″E / 34.69375°N 135.50211111111°E / 34.69375; 135.50211111111
Kart som viser Osaka.
Kart som viser Osaka.
Kart som viser Osaka.
Wikimedia Commons: Osaka

Osaka er den tredje største byen i Japan. Byen ligg på Honshu ved munningen til elva Yodo i Osakabukta. Byen er det administrative senteret i Osaka prefektur i regionen Kansai. Osaka er eit av dei viktigaste industriområda og hamnebyane i Japan.

Osaka vert ofte kalla «nasjonens kjøken» (天下の台所 tenka no daidokoro) og har historisk sett vore det kommersielle senteret i Japan, og storbyområdet Osaka-Kobe-Kyoto er det nest største i Japan med 18,6 millionar innbyggjarar[2] etter Stor-Tokyo, som har 37,7 millionar. Sjølv om Yokohama er ein større by enn Osaka, kan han ikkje måle seg med storbyområdet til Osaka, og har berre om lag 5 millionar innbyggjarar.

Eit uvanleg forhold i Osaka er forholdet mellom folketalet på dag- og nattestid på 141 %[3], noko som viser Osaka si økonomiske og kommersielle rolle. Medan folketalet på natta er om lag 2,6 millionar, er det på dagtid 3,7 millionar menneske i byen. Berre Tokyo har fleire.

Osaka har 24 bydelar:

  1. «大阪府/大阪府の毎月推計人口» (på japansk). Arkivert frå originalen 6. november 2013. Henta 2. april 2021.
  2. Historisk oversikt frå heimeside til Osaka, arkivert frå originalen 6. november 2007, henta 5. april 2007
  3. Folketeljing - folketal på dagtid

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Osaka