Faktaboks

Forollhogna
Forolhogna, Forelhogna
Etymologi

Førsteleddet er truleg avleidd av elvenamnet Forda. Sisteleddet hogna er eit vanleg namn på høge fjell i Midt-Norge, kanskje av norrønt hanga 'henge'.

Høgd
1332

Forollhogna er eit fjell på grensa mellom kommunane Os i Nord-Østerdal, Midtre Gauldal og Holtålen i Trøndelag.

Sjølve toppen er av hard kvartsitt, mens berggrunnen i det lågare viddelandskapet omkring er glimmerskifer. På austsida av toppen ligg Forollsjøen; frå denne kjem elva Forda, ei sideelv til Gaula.

Fjellet ligg sentralt i Forollhogna nasjonalpark.

Kart

Image
Forollhogna
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg