Image
Engsoleie.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Engsoleie er ei fleirårig urt i soleieslekta i soleiefamilien med gule blomar som blømer frå juni til september. Engsoleie er svært vanleg i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som
smørblomst bakkesoleie
Vitskapeleg namn
Ranunculus acris subsp. acris

Skildring

Engsoleie er ei 5–75 centimeter høg plante med trevlerot og blad som er handdelte. Planta har fem glinsande gule kronblad og fem grøne begerblad. Blomane har mange støvberarar og mange frie fruktblad som modnar til smånøtter.

Utbreiing

Engsoleie er ein av dei vanlegaste urtene i ugjødsla beite og i eldre eng over heile landet. Planta er giftig i rå tilstand, særskild for storfe, men ikkje etter tørking.

Systematikk og namn

Engsoleie er svært utbreidd og variabel i Noreg, og det som har vore oppfatta som engsoleie finst frå strandenger til langt opp i fjellet. I seinere tid er det vanleg å dele inn denne variasjonen i fleire taksa på ulike nivå. Det som tidlegare vart inkludert i arten engsoleie, Ranunculus acris, vert no ofte skilt på to artar; engsoleie i avgrensa tyding og skogsoleie, Ranunculus subborealis. Den seinare arten vert i åttande utgåva av Norsk flora i tillegg delt inn i tre underartar: kystsoleie, fjellsoleie og russesoleie.

Det norske namnet, soleie, vert rekna som ei endring frå utgangspunktet solauge eller soløye som truleg kjem av at dei solgule blomane vert likna med sola. I nyare tid er namnet soløye tatt i bruk som norsk namn på artar i slekta Heliopsis i korgplantefamilien.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter, tofrøblada planter
Orden Ranunculales soleieordenen
Familie Ranunculaceae soleiefamilien
Slekt Ranunculus soleieslekta
Art Ranunculus acris bakkesoleie, smørblomster, smørblom, (engsoleie), smørblomst
Underart Ranunculus acris subsp. acris engsoleie, vanlig engsoleie, vanleg engsoleie

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elven, Reidar; Bjorå, Charlotte Sletten; Fremstad, Eli; Hegre, Hanne; Solstad, Heidi (2022): Norsk flora, 8. utgåva. Oslo: Samlaget.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ranunculus acris subsp. acris
Artsdatabanken-ID
103139
GBIF-ID
103138

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg