Dei fleste kleggartane er solskinsdyr, sjølv om regnkleggane i Haematopota kan tåla noko duskregn. Dei sit ofte på blomar, og begge kjønn tek til seg nektar; nokre artar ser òg ut til å kunne vera gode pollinatorar.
Ho-klegg av dei fleste artane syg blod, for det meste frå pattedyr, men det finnast òg observasjonar av klegg som har bitt fuglar og krypdyr. Dei lokaliserar passande vertar ut frå storleik, farge, temperatur og lukt, og er tiltrekt både av karbondioksid frå utpust og ammoniakk frå urin. Dei ser ut til å føretrekke einsfarga vertar, helst i mørke fargar.
Sidan dei er tiltrekt av store varme objekt som slepp ut karbondioksid kan ein mørkt farga bil på tomgang raskt tiltrekke seg mange kleggar, og dette er difor eit triks kleggforskarar brukar ved innsamling. Kleggane sit vanlegvis på offeret når den syg blod, og landar ofte på eller nær hovudet.
Kommentarar (3)
skreiv Vinicius Souza
bildet av forfatterskapet mitt har en feil i navnet mitt i sitatet, det er bildet med fluen som flyr, grønn bakgrunn, mitt fulle navn er Vinícius Rodrigues de Souza, forkortet til Vinícius R. Souza
svarte Synøve Kamøy
Hei, Vinícius!
Takk for at du gjorde oss oppmerksom på det - det er nå rettet opp i. //Thanks for letting us know - the misspelling has now been corrected.
Vennlig hilsen,
Synøve Kamøy
skreiv Sverre Olav Lundal
Ad klegg og folketru: i dag er det mykje klegg ute etter blod, og det er varsla regn til kvelden...
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.