Hopp til innhald

Gentesting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gentesting eller DNA-testing[1] er teknikkar nytta til å finna særskilde variantar i DNA-sekvensar[2] eller kromosom-strukturar. Dei kan også måla resultat av genetiske endringar, som RNA-analyse som resultat av genuttrykk, eller gjennom biokjemisk analyse for å måla spesifikk proteinproduksjon.[3] I medisinsk samanheng kan slike testar nyttast til å setja diagnose eller utelukka moglege genetiske sjukdommar, føreseia risiko for særskilde tilstandar eller gje informasjon som kan nyttast til å tilpassa medisinsk behandling basert på individuelle genetiske eigenskapar.[3] Getesting kan også nyttast til å slå fast biologisk slektskap, som dei biologiske foreldra til eit barn,[4] eller nyttast til å slå fast den breiare avstamminga til et individ.[5] I tillegg til å testa menneske kan ein også gentesta dyr og plantar med liknande føremål, til dømes for å slå fast avstamming/slektskap eller føreseia/diagnostisera genetiske lidingar,[6] for å få informasjon ein kan bruka i avl,[7] eller for å auka genetisk mangfald i truga populasjonar.[8]

Fotnotar
  1. ↑ Solvang, Fredrik (2007-11-06), «DNA-testet 8000 innvandrere», NRK (på bokmål), henta 2023-12-27
  2. ↑ Paus, Benedicte (2023-08-22). «gentest». Store medisinske leksikon (på norsk).
  3. 1 2 «Genetic testing». American Medical Association (på engelsk). Henta 2019-10-03.
  4. ↑ «Paternity Testing». American Pregnancy Association (på amerikansk engelsk). 2012-04-25. Henta 2019-10-03.
  5. ↑ Resnick, Brian (2019-01-28). «The limits of ancestry DNA tests, explained». Vox (på engelsk). Henta 2019-10-03.
  6. ↑ «UC Davis Veterinary Genetics Laboratory | Animal DNA testing | forensic testing | animal genetic research and diagnostics». www.vgl.ucdavis.edu. Henta 2019-10-03.
  7. ↑ «Selective breeding and gene technology». www.bbc.co.uk. Henta 2019-10-14.
  8. ↑ Hunter, Margaret E.; Hoban, Sean M.; Bruford, Michael W.; Segelbacher, Gernot; Bernatchez, Louis (2018-07-17). «Next-generation conservation genetics and biodiversity monitoring». Evolutionary Applications. 11 (7): 1029–1034. Bibcode:2018EvApp..11.1029H. doi:10.1111/eva.12661. ISSN 1752-4571. PMC 6050179. PMID 30026795.{{cite journal}}: CS1 maint: unflagged free DOI (link)