Hopp til innhald

PCM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Image
PCMkoding av eit analogt signal.

PCM (frå engelsk Pulse Code Modulation) er ein metode for å representera analoge signal på digital form. Ei analog spenning, som representeret til dømes eit lydsignal, vert fyrst sampla (kvantisert i tid), før amplituden vert kvantisert (i ein AD-omformar) og representert som sin sekvens av binære tal, som oftast på toerkomplementform[1][2]. Signalt vert sampla med faste interval, kalla sampelintervalet , som òg kan representerast som sampelfrekvensen .

PCM er ei vanleg koding for digitale signal, og er mellom anna nytta innan digital audio. Tidlege lydformat som CD og DAT nytta ei med ei ordlengd på 16 bit, men i dag er det vanleg med 24 bit. For datainnsamling er ordlengder på 8 og 16 bit i bruk.

Med PCM meiner ein som oftast linear PCM LPCM, men det finst òg andre former, som differensial PCM (DPCM og adaptiv DPCM (ADPCM).

  1. ↑ J. Watkinson, The art of digital audio, 2. utg., Focal Press, 1994.
  2. ↑ K.C. Pohlmann, Principles of digital audio, 6. utg., McGraw-Hill, 2011.