Hopp til innhald

Undertale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undertale
Image
Utviklar(ar)Toby Fox
Utgjevar(ar)Fangamer, 8-4
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Store, Nintendo eShop, Microsoft Store
ForfattarToby Fox
Komponist(ar)Toby Fox
SpelmotorGameMaker
Plattform(er)Microsoft Windows, OS X, Linux, PlayStation 4, PlayStation Vita, Nintendo Switch
UtgjevingWindows, OS X:
15. september 2015
Linux:
17. juli 2016
PlayStation 4, PS Vita:
15. august 2017
Nintendo Switch:
18. september 2018
SjangerRollespel
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://undertale.com/, https://undertale.jp/
Deltarune→

Undertale er eit datarollespel utvikla av Toby Fox. I spelet styrer spelaren ein gutunge som har falle ned i undergrunnen, eit stort, åtskilt område under overflata av Jorda, som er sperra av ein magisk barriere. Spelaren møter ei rekke monster på ferda for å kome tilbake til overflata, i hovudsak gjennom kampsystemet i spelet, som kjem fram når spelaren konfronterer eller støyter på eit monster. I det turbaserte kampsystemet kan spelaren mellom anna unngå å ta skade gjennom å navigere unna prosjektil som kjem flygande over skjermen, og kan velje å spare monstera i staden for å angripe og drepe dei. Vala som spelaren gjer påverkar hendingsgangen i spelet, både dialogen, karakterane og historia.[1]

Toby Fox har utvikla Undertale uavhengig, inkludert komponeringa av musikken. Spelet er inspirert av mellom anna dataspelseriane Mother og Mario & Luigi, skytespelet Touhou Project, internettkultur og den britiske komiserien Mr. Bean. Undertale vart lansert 15. september 2015 til Microsoft Windows og OS X[2], og 17. juli 2016 til Linux[3]. Spelet selde over ein million eksemplar etter at det kom ut, og det vart nominert til fleire prisar.[4]

  1. ↑ «ANMELDELSE: Undertale». Gamer.no. Henta 24. september 2016.
  2. ↑ «Undertale Release Information for PC». GameFAQs. Henta 24. september 2016.
  3. ↑ «Undertale Release Information for Linux». GameFAQs. Henta 24. september 2016.
  4. ↑ «Uncovering the heart of Undertale». Eurogamer. Henta 24. september 2016.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Undertale