tirsdag 20. november 2012

Nytt bad

Eg drøymer om nytt bad... vårt er frå 1978 og behovet for oppgradering er stort!! Slik kunne eg hatt det:)
Image
Image
Ha ein fin tirsdag:)

søndag 18. november 2012

"Nytt" soverom

Ja då var det jammen lenge sidan sist... igjen!! Skjer ikkje så mykje på interiørfronten, skjer så mykje ellers, dermed verte bloggen nedprioritert. Men satsar på at det verte litt meir aktivitet snart, både på bloggen og i huset ;) Vi har bytta soverom med lillesøster. Ikkje det største rommet i verda, men jentene treng det store rommet til leiking!! Vi skal no berre ha plass til senga vår vi då:) Fargen er varm lin frå Jotun. Beklagar det heller dårlege lyset... men slik er det jo på denne tida av året;)
Image
Image
Image
Ha ein fin søndag vidare!

fredag 24. august 2012

Mot haust..

iallefall på trappa vår:)(PS. Eg ynskjer meg sterkt ei ny dør!!!!!) Kjenner på lufta at hausten er like rundt hjørnet. Og det gjere ingenting!! Flotte haustdagar er det flottaste eg veit:)
Image
Image
Image
Image
Her gjere vi oss klar til ein liten helgetur:) God helg alle saman!

onsdag 22. august 2012

Girly...

Eg går med litt jenteromtankar for tida:) Men må berre gjere ferdig diverse andre prosjekt først. Vi jobbar for tida med vaskerommet og gjett om eg gler meg til det er klart!! Blir ein lykkens dag:)) Enn så lenge litt herleg inspirasjon, trur da blir jentete og rosa hos oss... kunne tenkt meg noko tøffare men med to små prinsesser fengar ikkje det ;)
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image

lørdag 18. august 2012

Lene Bjerre

Og vips så var det gått 2 månadar! Tida flyr og blogglysta har ikkje vore heilt til stades... Så mykje anna som skjer no om sommaren;) Men med litt inspirasjon frå haustkolleksjonen til Lene Bjerre ynskjer eg alle ei god helg :)
Image
Image
Image
Image
Image

torsdag 21. juni 2012

Her er eg...

Image Iallefall ei lita stund inn i mellom. Dagane går fort og sidan sist har eg vore både på tur til Geiranger og i nydeleg bryllup. Denne helga er det nytt bryllup og feiring av rund dag. Alltid kjekt å vere litt sosiale. No er slåtten og i gang og vi tida går med til det. Kyrene er komne ut og nyte lange dagar i grønn overflod! Nokon som legg merke til ferdigmalt terrassegolv?? Fargen er varm grå frå Jotun. No gjenstår berre eit strøk på rekkverket.Lyktene er frå Slettvoll og heilt klart ein favoritt. Vi har kjøpt oss noko vi har ønska oss lenge, heng med så får de kanskje sjå etterkvart;) Klem i sommarnatta:)

fredag 8. juni 2012

Image Image Image Eg har mala trappa oppatt. Kom fram til at det vart "lettare" med heilt kvit istaden for svart søyle og gelender. Kva synest de??

torsdag 7. juni 2012

Syrin..

Joda da e liv:) Men her er så mykje å gjere, så bloggen har ikkje vore prioritert. Akkurat no held eg på å setje opp gjerde så vi får sleppt ut kalvar og kyr:) Ute blomstrar syrinen. Sånn ei herleg luft! Måtte ta inn litt og;) Image Image Image

lørdag 26. mai 2012

Rhododendron.. i all sin prakt!

Besta var veldig glad i rhododendron. No er desse blitt store og flott og vi kan nyte dei og minna om mi hageglade besta i sommarvarme:) Vi har flytta ut for tida;)
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Nyt veret alle saman:)

søndag 6. mai 2012

Berre lekkert altså!

Dette soverommet designa av Anemone Wille Våge er berre så flott!
Image
Image
Image
I dag vakna vi til snø og blest!! Grrr.... lika det ikkje! No har sola heldigvis smelta det meste av snøen men fy kor surt det er... Vi hadde planar om å sette opp gjerde i dag, må iallefall bli i termodress det;) Klem frå Ann

mandag 30. april 2012

Vårteikn..

Det finns mange vårteikn.. Humla, løvetann, nyplanta sommerblomster, gylling (og då tilhøyrande lukt!) og som vi har jobba med i helga.. terrassevask/maling.. Vi har først spylt grundig, så skrapa... No er første strøket på rekkverket ferdig. Golvet skal malast i fargen varmgrå. Det har eingong vore malt svart med beis... så derfor må vi og male det. Eigentleg skulle den vore oppgradert... MEN vi gidd ikkje legge så mykje pengar i den sidan vi neppe beheld den slik ved ei ev. om/påbygging av huset.
Image
Før:
Image
Image
Image
Dette er det pappen har nytta helga til :)
Image
I morgon skal vi på tur med barnas turlag og deretter grilling med gode vener:) Ha ein fin 1.mai alle saman!

lørdag 28. april 2012

Skifer er lekkert!

Ein uteplass med skifer hadde ikkje vore å forakte:) Berre sjå her:
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image
I morgon er det meldt nydeleg ver her, så då er det hagearbeid. Godt å komme heim til fridagar og vårsol! Ha ein fin lørdag alle!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails