|
Taco er ein tradisjonell meksikansk matrett som består av ein liten handstor mais- eller kveitetortilla med fyll. Tortillaen blir bretta rundt fyllet og eten med handa. Ein kan laga taco med mange ulike typar fyll, som oksekjøt, grisekjøt, kylling, sjømat, bønner, grønsaker og ost, og garnera han med ulike smakstilsetjingar som salsa, guacamole eller rømme, og grønsaker, som salat, koriander, lauk, tomat og chili. Taco er ei vanleg form for antojito, eller meksikansk gatekjøkkenmat, som har spreidd seg over heile verda.
Tortillaen kan også steikast eller frityrsteikast til eit hardt, U-forma skjel, og dette er blitt ein utbreidd tacotype i mellom anna Noreg. Tilbehøyret stammar ofte frå texmex- eller calimex-tradisjonane, meksikansk mat vidareutvikla i Texas og California. Les meir …
|