Hopp til innhald

Baron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Image
Dansk-norsk baronkrone
Image
Svensk friherrekrone
Image
Nyere tysk friherrekrone
Image
Eldre tysk friherrekrone
Image
Britisk baronkrone
Image
Fransk og italiensk baronkrone
Image
Spansk baronkrone
Image
Portugisisk baronkrone

Baron (norr. barrún, gjennom gfr. frå ghty. baro, 'fri mann, krigar' eller frå mellomalderlatin, avleidd frå vir, 'mann') er den lågaste høgadelege tittelen. Kvinner som har tittelen eller er gift med ein baron blir titulerte baronesse.

I 1277 vart dei to høgaste gradane i kongshirda, lendmann og skutilsvein, erstatta av dei felleseuropeiske titlane baron og riddar. Samstundes fekk baronane og riddarane ekstra privilegie, og retten til å bli tiltalt som herre (herra). Tittelen baron har blitt brukt på ulike måtar mellom anna i Noreg og Tyskland har sonar og yngre søsken til ein greve fått denne tittelen. Adelstittelen blei innført i Danmark-Noreg i 1671, då med rang under greve.

Tittelen har ofte same bruk som friherre. Rangen både baronar og friherrar har, blir kalla friherreleg stand. Det finst ei rangkrone for friherre/baron, men utforminga varierer i ulike land og tidsperiodar.

I korrekt skriftleg omtale blir tittelen plassert på dansk, norsk og tysk mellom for- og slektsnamnet, utan komma (Fornamn baron Slektsnamn). På svensk blir tittelen oftare plassert framfor namnet (baron Fornamn Slektsnamn).

Nokre kjende baronar

[endre | endre wikiteksten]